fredag 3. desember 2010

Hamlet:

Spørsmålet er – å vere eller ikkje: Om det gjer meir storsinna å tole ein voldsom skjebnes kast og pilregn, enn å ta til våpen mot eit hav av sorger. Og slåkke dei i trass? Å sove, døy – meir er det ikkje; seie at søvnen slåkker kvar hjartesorg og tusen ristingar. Som kroppen arvar – ja eit endelikt vel verd og drøyme om. Det er haken; for dødens drøymer følgjer dødens søvn når vi har snodd oss ut av livets skinn, og derfor stoppar vi. Vi tenkjer over og får eit langt liv i elendighet.
For kven kan tåle verdens pryl og spott, tyrannar si trykk og arrogant forakt, en kjærleik som hånes, rettsleg sommel, betente embetsmenn og alle spark som avskum langer ut mot den som tiar, viss regnskapet kan slettes, gjeres opp med ei sløv dolk?
Kven gadd å bære lasta, å slite livet ut med pust og pes. Viss ikkje angst for noko etter døden, eit ukjende land som inkje reisande kan vende heim frå, lamslo vilja vår, og gjorde at vi veljar dagens nød og ikkje flyktar til den ukjende? Bevisstleiken gjer alle til kujoner; og dermed vil den resolutte glød lett bleikne under tankens gustne skinn, og verksemder som har kraft og meining vil bøye av og miste kravet på å kallas handling. –Rolig nå, min vakre og herlege Ofelia. –Hugs å be for alle mine syndar.